Referansejakt

Wikipedia-utdraget nedanfor manglar ei påliteleg kjelde. Kan du finne ei?

Klikk på Denne fiksar eg! for å gå til Wikipedia og {link_start}fikse utdraget{link_end}, eller på Neste! for å sjå eit anna utdrag. Sjekk Wikipedia:Kjelder om du har nokre spørsmål. Lukke til!

På sida «Lastebil»:

"

Lastebilmotorar er vanlegvis utstyrte med turboladarar, som er ein kompressor driven av ein eksosdriven turbin. Kompressorhjulet står på same aksling som turbinhjulet og roterer med høgt turtal: frå 90 000 o/min og oppover. Turbolading gjer at innsugingslufta får overtrykk, noko som gjer at eksosen vert spyla ut or sylinderen[treng kjelde], samstundes som fyllingsgraden vert betre. Ettersom sylinderen inneheld meir luft inneheld han òg meir oksygen, slik at det kan sprøytast inn meir drivstoff, som i sin tur aukar effekten. Nokre lastebilmotorar er òg utstyrte med ladeluftkjølarar, som kjøler ned innsugingslufta før ho når sylinderen. Etter som volumet til luft er proporsjonal med temperaturen (sjå gasskonstant) aukar luftmengda (luftmassen) i sylinderen når lufta vart avkjølt.