Referansejakt

Wikipedia-utdraget nedanfor manglar ei påliteleg kjelde. Kan du finne ei?

Klikk på Denne fiksar eg! for å gå til Wikipedia og {link_start}fikse utdraget{link_end}, eller på Neste! for å sjå eit anna utdrag. Sjekk Wikipedia:Kjelder om du har nokre spørsmål. Lukke til!

På sida «Shefa-'Amr»:

"

I romartida vart byen kalla «Shofar Am», hebraisk for «hornet til nasjonen». Ein trur at namnet kan ha kome frå at det jødiske Sanhedrin ei stund låg i byen og vart rekna som hornet til nasjonen.[treng kjelde] Alternativt kan namnet vere basert på det hebraiske ordet shefer (hebraisk שפר), som tyder «vakker» eller «godheit». I følgje ei arabisk segn vart den arabiske generalen Amr Ibn Al-Aas frisk etter ein sjukdom då han drakk det lokale vatnet. Då dei såg generalen sin bli frisk, ropte soldatane hans «Shofiya Amr» (arabisk for «Amr er frisk»), og at dette er opphavet til namnet.[treng kjelde] Kjelda han visstnok drakk frå ligg søraust for byen. Andre hevdar namnet «Shfar-am» vart endra til ei arabisk form, «Shefa-'Amr», i mamelukktida.[treng kjelde]